Leiing av læring i barnehagen – nasjonale retningsliner og lokale fortolkingar

Forfatter
Skjæveland, Y.
Kilde
I: Moen, K. H., Gotvassli, K. Å., & Granrusten, P. T. (red.), Barnehagen som læringsarena: Mellom styring og ledelse, 167-182. Oslo: Universitetsforlaget.
År
2016
ISBN
27924186

Formål

Formålet med studien er å undersøkje korleis barnehagar tolkar rammeplanen sine retningslinjer og rammer for læringsleiing i barnehagen. Forskingsspørsmåla er: Kva slags læringssyn gir årsplanane til barnehagen uttrykk for? Kva slags tema og læringsaktivitetar legg ein vekt på i årsplanane? Korleis blir barnehagen som læringsarena organisert, og kva slags læringsleiing er det i barnehagen?

Resultat

Generelt finn forfattaren at det er stor variasjon i utforminga av og lengda på årsplanane, og dei er ikkje utforma på nokon standardisert måte. Felles for årsplanane er likevel at dei viser til rammeplanen.

Dei fleste årsplanane viser til læringssynet i rammeplanen, det vil seie eit heilskapleg læringssyn med vekt på leik, læring og omsorg. Mange årsplanar siterer formuleringar frå rammeplanen. Ifølgje forfattaren gir dei fleste årsplanane uttrykk for at vegen til læring går via leik. Dei legg mindre vekt på samanhengen mellom omsorg og læring enn på samanhengen mellom leik og læring.

Læringsinnhaldet i årsplanane er svært forskjellig, men dei sju fagområda i rammeplanen er i dei fleste tilfella nemnde i årsplanane. Dei sju områda er (1) kommunikasjon og språk, (2) kropp, mosjon og helse, (3) kunst, kultur og kreativitet, (4) natur, miljø og teknikk, (5) etikk, religion og filosofi, (6) nærmiljø og samfunn og (7) tal, rom og form. Mange årsplanar utdjupar og konkretiserer kvart fagområde, mens andre legg vekt på spesielle innsatsområde innanfor dei sju fagområda. Ifølgje forfattaren verkar årsplanane å vere retta mot foreldra.

I mange årsplanar blir medarbeidarane breitt omtalte som «dei vaksne», og det er ingen stillingstitlar eller presisering av ansvarsområda til dei enkelte medarbeidarane. Forfattaren konkluderer med at årsplanane generelt gir eit uklart bilete av leiinga og organiseringa av barnehagen, trass i at rammeplanen legg vekt på planlegging. Ifølgje forfattaren kan denne uklarheita når det gjeld leiing og organisering, vere eit uttrykk for at barnehagen har ein flat struktur, eller at organiseringa av barnehagen er svak/uklar. Alternativt kan det hende at måten barnehagen er organisert på, blir presisert andre stader enn i årsplanen.

Design

Datamaterialet består av årsplanar frå 64 barnehagar i tre kommunar. Innhaldet i årsplanane blir analysert med fokus på tre område: (1) synet på læring, (2) innhaldet i barna si læring og (3) læring og organisering av læring.

Referanser

Skjæveland, Y. (2016). Leiing av læring i barnehagen – nasjonale retningsliner og lokale fortolkingar. I: Moen, K. H., Gotvassli, K. Å., & Granrusten, P. T. (red.), Barnehagen som læringsarena: Mellom styring og ledelse, 167-182. Oslo: Universitetsforlaget.

Oppdragsgiver

Norges Forskningsråd